Karaoke er endeleg tilbake på TIK, og denne gongen er det Merethe som tek styringa! Ho er ny som karaokevert, men langt frå sjenert – her snakkar vi høg energi, godt humør og garantert god stemning! 🔥😄
Sist gong var det bortimot fullt hus og heilt nydeleg stemning, så vi håper du tek turen denne gongen også. Ta med vennegjengen, varm opp stemma og gjer deg klar for ein kveld med song, latter og kanskje nokre uventa stjernestunder 🌟🎤
Vi har eit rikt utval av låtar å velje mellom. Har du ein song du berre må synge, så fiksar Merethe dette i tur og orden 🎵
Lat hemningane bli att heime – karaoke skal berre vere kjekt!
På TIK har vi mottoet: “Come as you are, leave as a star” 😉✨
Vi gler oss til å sjå – og høyre – deg laurdag 23. mai!
Karaoke startar når «folk er på plass», normalt rundt kl. 23:00.
Velkomen til TIK x Willys! 🎤
ID: 20 år
CC: Kr. 50,-
(Gratis inngong før 23:00)
https://www.facebook.com/events/1669698251032563/