Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

MUSIC & WINE // TIK

mars 15, 19:00 - 22:00

Ein musikalsk vinkveld!
Vinsmaking med Knut Bjørnar Asphol
Bli med på ei vinsmaking utanom det vanlege. Musikar og sommelier Knut Bjørnar Asphol kombinerer musikk og vin for å gi gjestane ei heilt unik oppleving.
På denne vinsmakinga får du lukte, smake og drikke god vin medan du høyrer gode historier med vinfakta, ispedd stemningsfull og levande musikk. Knut Bjørnar kombinerer to av sine lidenskapar gjennom å vere både gitarist og vinkjennar. Han har spelt for mange artistar i inn- og utland og har produsert over 500 utgivelsar. Han har vunne Spellemannpris, og utgitt 8 eigne album. I tillegg er han sommelier og vinjournalist i Romerikes Blad.
Frå aromaen i glaset blir publikum med på historia og vinen si reise. Til slutt kan vinen nytast til ein italiensk arie eller ei fransk vise. Denne kvelden har Knut Bjørnar med seg ei sangstemme av dei sjeldne: Tomine Mikkeline ga ut sitt første klassiske album som 12-åring på Universal, har hausta gnistrande kritikkar for sine Grieg-tolkningar, turnert dei store scenene i England, og nyleg kome med albumet “Joni” som er ein hyllest til Joni Mitchell.
Velkomen til en annleis musikalsk vinkveld!
Døren opnar kl. 19:00
Music & Wine startar kl. 19:30
ID: 20 år
Billettar på TIKKIO.
https://www.facebook.com/knutmusicandwine/
https://www.facebook.com/events/406615121853171/

Detaljer

Dato:
mars 15
Tid
19:00 - 22:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/406615121853171/

Sted

Tik Café & Restaurant

Arrangør

Tik Café & Restaurant
Telefon
+47 993 83 030
Epost
noreply@facebookmail.com