🎄VELKOMEN TIL Romjuls-BINGO med JACKPOT🎄
Om du lurer på kva du skal finne på etter julehelga, så er dette eit særs godt alternativ! Lågterskel-aktivitet som er kjempekjekt!
Vi opnar dørene kl. 18:00 og serverer godsaker frå vår Romjulsmeny😋 BINGO er populært på TIK, så vi anbefaler alle å vere tidleg ute!
JACKPOTen gjekk ikkje førre gong, så vi køyrer den på nytt🥳
JACKPOTen kan berre vinnast på spesielle måtar, noko bingovertane vil forklare nærmare😉
Erik og «Tause Trude» julegler seg 🧑🏻🎄🎄
Ta med deg vener, kollegaer, naboen eller den du vil, og kom og ha det kjekt saman med oss på TIK!
Påmelding frå kl. 18:00.
BINGOen startar kl. 20.00.
Som sagt forventar vi at det fyller seg opp denne kvelden, så vi håper du kjem tidleg og prøver nokre av dei gode rettane våre!
Dersom du skal ete mat før bingoen, har du høve til å bestille bord. Baren er sjølvsagt også open – heilt til kl. 02:00!
Bingo, er det ultimate spelet for alle, der fart, styrke, høgde, kunnskap, lengde og breidde ikkje betyr noko som helst!
Alle har like gode føresetnader for å vinne, og vi garanterer at dette blir ein spennande kveld!
Detaljar om BINGOen:
– totalt 6 spel à 3 rundar (1-rekker, 2-rekker og 3-rekker)
– 3 spel før pause og 3 spel etter pause
– «Corner» på siste spelet før pause
– Det blir gitt premie ved BINGO på alle rundane
– Hovudpremien er på siste 3-rekker i det 6. spelet
– Totalt 20 premiar + JACKPOT!
Pris for bingoblokk: Kr. 200,- (kan kjøpe fleire)
Aldersgrense: 20 år
Velkomen til Romjuls-BINGO på TIK!
https://www.facebook.com/events/4226546577562831/