Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

SOMMARBINGO // TIK

mai 24, 20:00 - 23:00

Er du klar for SOMMARBINGO?
Den siste BINGOen før sommarferien går av stabelen fredag 24. mai.
Vi har ope frå kl. 11:00 denne dagen. Bingoen startar kl. 20:00, så ver tidleg ute for å sikre deg plass. Medan du ventar byr vi på god mat og drikke!
Hovudpremien for SOMMARBINGO er billett til Via Ferrata Loen med Zip Line inkludert! Så her blir det spenning både under BINGOen og etterpå 😉
Ta med deg vener, kollegaer, naboen, eller andre du meiner bør få med seg dette, og kom og ha det kjekt denne fredagskvelden!
Kveldens meny:
– Pizza Margherita Kr. 149,-
– Kyllingspyd på salat Kr. 179,-
– French fries Kr. 69,-
Baren er sjølvsagt også open!
Bingo, er det ultimate spelet for alle, der fart, styrke, høgde, kunnskap, lengde og breidde ikkje betyr noko som helst!
Alle har like gode føresetnader for å vinne, og vi garanterer at dette blir ein spennande kveld!
Detaljar om BINGOen:
– totalt 6 spel à 3 rundar (1-rekker, 2-rekker og 3-rekker)
– 3 spel før pause og 3 spel etter pause
– «Corner» på siste spelet før pause
– Det blir gitt premie ved BINGO på alle rundane
– Hovudpremien er på siste 3-rekker i det 6. spelet
– Totalt 20 premiar!
Pris for bingblokk: Kr. 200,- (kan kjøpe fleire)
Aldersgrense: 20 år
Velkomen til TIK!
https://www.facebook.com/events/799100698821186/

Detaljer

Dato:
mai 24
Tid
20:00 - 23:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/799100698821186/

Sted

Tik Café & Restaurant

Arrangør

Tik Café & Restaurant
Telefon
+47 993 83 030
Epost
noreply@facebookmail.com