Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

BINGO // TIK

mars 1, 19:00 - 22:00

Velkomen til BINGO på TIK!
Dørene opnar kl. 19:00 for påmelding og matservering.
BINGOen startar kl. 20.00.
Ver tidleg ute – først til mølla gjeld.
Kveldens meny:
– Pizza Margherita Kr. 149,-
– Kyllingspyd på salat Kr. 179,-
– French fries Kr. 69,-
Baren er sjølvsagt også open!
Bingo, er det ultimate spelet for alle, der fart, styrke, høgde, kunnskap, lengde og breidde ikkje betyr noko som helst!
Alle har like gode føresetnader for å vinne, og vi garanterer at dette blir ein spennande kveld!
Det blir svært varierte premiar, og vi lovar god stemning!
Bingovertane er tilreisande, og svært erfarne. Mest sannsynleg blir det nokre tåpelege og truleg interessante «fun facts» om tala, som varierar heilt frå 1-90.
Ta med deg vener, kollegaer eller kanskje naboen, og kom og ha det kjekt denne fredagskvelden!
Vi kan love at BINGO på TIK kjem att dersom dette blir ein suksess!
Så bli med og skap BINGO-historie på TIK for aller fyste gong, og vonleg ikkje siste gong;)
Detaljar om BINGOen:
– totalt 6 spel à 3 rundar (1-rekker, 2-rekker og 3-rekker)
– 3 spel før pause og 3 spel etter pause
– «Corner» på siste spelet før pause
– Det blir gitt premie ved BINGO på alle rundane
– Hovudpremien er på siste 3-rekker i det 6. spelet
– Totalt 20 premiar!
Pris for bingblokk: Kr. 200,- (kan kjøpe fleire)
Aldersgrense: 20 år
Velkomen til TIK!
https://www.facebook.com/events/1775651496231909/

Detaljer

Dato:
mars 1
Tid
19:00 - 22:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/1775651496231909/

Sted

Tik Café & Restaurant

Arrangør

Tik Café & Restaurant
Telefon
+47 993 83 030
Epost
noreply@facebookmail.com