Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

TRUBADUR STIG NERGÅRD // TIK

februar 24, 20:00 - 02:00

Dette må du berre få med deg!
Ein av Noregs beste trubadurar besøker Ørsta laurdag 24. februar.
Stig Nergård har eit repertoar som sjølv ein DJ kan misunne, og spelar alt frå Creedence til AVICII! Med fantastisk gitarspeling og ei vokalrekkevidde av dei sjeldne, kan du glede deg til denne kvelden! Stig sitt motto er: GI ALT, ALLTID!
Med Stig Nergård på scena kan du vere sikker på å få deg ei overrasking eller to, når han gjer djupdykk i «guilty pleasures».
Du kjem til å få servert låtar du ikkje visste at du ville høyre, eller torde å innrømme at du diggar. Slepp hemningane laus!
Stig har ei unik evne til å grave fram tidlause, gløymde skattar som bringer fram dei gode kjenslene til publikum. Saman vert det skapt ei elektrisk atmosfære som gir eit ekko i dei seine nattetimane!
Stig Nergård er kanskje for mange mest kjend som frontfigur i coverbandet Melody Market, som har reist over heile Noreg til stor begeistring og høge terningkast.
Vi er glade for at stig også er aktiv som soloartist og trubadur, og at han no kjem til TIK!
REPERTOAR:
Queen, Kygo, Kenny Logins, ABBA, Alan Walker, David Guetta, Elton John, John Farnham, Starship, Stevie Wonder, Michael Jackson, Mike & The Machanics, Åge Aleksandersen (og Sambandet), Dum
Dum Boys, Journey, Phil Collins, TOTO, Justin Timberlake, Maroon Five, Bee Gees, Deep Blue Something, Coldplay, The Killers, Lost Frequenzies, Kurt Nilsen, Maria Mena, John Mayer, Bryan Adams,
Keane, A-ha, Dire Straits, Duran Duran, Avicii, Bruno Mars, Kings of Leon, Bob Marley, Vamp, Bruce Springsteen, Glenn frey, Creedence, The Crash Test Dummies, The Connels. + mange, mange,, ALTFOR MANGE fleire!
Ver tidleg ute og sikre deg ein god plass.
Vi trur dette blir eitt av årets høgdepunkt på TIK!
Aldersgrense: 20 år
Inngang: Kr. 150,- (fri inngang før kl. 22:00)
Billettsal i døra.
Ope kjøkken tll kl. 23:00.
MENG FOR KVELDEN:
– Dirty Burger kr 269,-
– Husets lam med grønnpeppersaus, salat med cherrytomat, crispy ruccula, fetaost, honning, balsamico og pommes frites kr 339,-
– Pommes frites kr. 69,-
– Søtpotet fries kr. 79,-
Velkomen til TIK!
https://www.facebook.com/events/922783762676428/

Detaljer

Dato:
februar 24
Tid
20:00 - 02:00
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/922783762676428/

Sted

Tik Café & Restaurant

Arrangør

Tik Café & Restaurant
Telefon
+47 993 83 030
Epost
noreply@facebookmail.com